Burry Holms

Burry Holms ved flo
Burry Holms er den vesle øya utanfor stranda til venstre på bilete

Burry Holms er ei lita tidvassøy utanfor nordenden av Gowerhalvøya i Wales. For 9000 år sidan var ho opp til 19 km borte frå sjøen og busett av nomadiske jegerar frå mellomsteinalderen. I 1919 fann ein flintreiskap frå desse menneska, og sidan har ein funne trekol, brende hasselnøttskal og reiskapar av tre og bein. I jernalderen vart det bygt eit stort åsfort og grøftesystem på øya. I mellomalderen låg det eit kloster på øya.

Om våren og sommaren er Burry Holms dekt av blomar som fjærekoll og strandsmelle.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search